God jul og godt nyttår!
God jul og godt nyttår til dei relativt få som er innom og les på denne lusne bloggen. Uansett, 2009 har vore eit dårleg år for seniorlaget til Tambarskjelvar. Ein trepoengar, ei poengdeling og ikkje mindre enn tolv tap, noko som kan minne om formkurva til Stoke City - det er realiteten etter 14 spelte kampar og sisteplass i 5. divisjon avdelig 1 i Sogn og Fjordane.
Eg går rett på! Allereie måndag 4. januar 2010 i veke 1 startar vi opp med organiserte treningar for seniorlaget. Tidspunkt er ikkje hundre prosent fastsett endå, men dersom du ikkje høyrer noko anna så blir det trening ifrå 20:00 - 21:30 på Naustdal Stadion (utandørs, ja!).
Kle deg godt. Det er meldt ei sinnsjuk jævlig kulde i følgje yr.no sitt langtidsvarsel. Bana vert måka, så ikkje ver bekymra for at treninga vil innebere å lage snøenglar, byggje snøborg eller måking (det tar baneansvarleg i kommunen seg av).
Vel møtt til eit nytt kapittel i den ferske fotballsatsinga i Naustdal!
juleklemmar og nyttårskos
Espen


